Kvifor

Monday, 1 January, 2007

Transport

Strategisk vegkryss
Hardangerbrua inngår som ein naturleg lekk i vegsystemet regionen. Brua vil vere eit strategisk knutepunkt og ha stor betydning for to viktige transportårar som går gjennom Indre Hordaland: Aust-vest(Rv7) og nord-sør (Rv9 og Rv13) Sjå kart. Brua går inn som ferjeavløysingsprosjekt på stamvegen mellom Voss og Jøsendal (Odda) og vil danne eit vegkryss av stor betydning for trafikken til og frå og innad i regionen.

Aust-vest
Sjølv om E16 gjennom Sogn er ferjefri vil truleg svært mange av transportørane velje Rv7 som trasè aust-vest som den kortaste og raskaste.

Når utbertingane ved Sokna-Ørgenvika vert ferdige, vil Rv7 vere 70 km kortare enn E16 Fillefjell. I forhold til E134 Haukeli vil forskjellar i vegstandard og høgdemeter, gjere at eit vogntog vil spare cirka 100 liter drivstoff fra Bergen til Oslo. Dersom ein reknar at Rv7 som null, har E134 ein ekstra stigning på 1.800 meter fra Sørfjroden til Sandvika når ein skal over fjellet. Med andre ord er Rv7 raskare, har lågare kostnadar og forureinar mindre.

Nord-Sør
Brua vil også ha stor betydning for trafikken fra regionen til:

* Grenlandsregionen via E134 Haukeli
* Sogn og Ryfylket via Rv13
* Sørlandet via Rv9 gjennom Setesdalen

Brua vil også redusere kostnadane og gjere det enklare for næringstransport mellom Bergen, Voss og Hardanger. Iflg. verdiskapingsrapport utført av Infraplan AB er ein av konklusjonane at eit vogntog kan spara 3 timar og ca. kr.2.300,-� på ruta � Bergen - Kristiansand over Voss/Hardanger/Haukeli/Setesdalen. Ser ein på samferdsel i Hordaland vil Hardangerbrua vere ein natruleg del av det mange kallar Hordalandsringen.

.