Gjennomslag i tilførselstunnelen på Bu-sida
Thursday, 18 February, 2010Onsdag den 17.februar fekk ordføraren i Ullensvang gleda av å fyra av den siste salva for gjennomslag i tunnelen som fører ut på brua frå Bu.
Dermed er endå ein milepel nådd i arbeidet med å realisera bruprosjektet. Til å oververa denne hendinga hadde entreprenøren AF Gruppen invitert folket på Bu. Som saman med representantar frå prosjektleiinga og brustyret var vitne til at ordførar Solfrid Borge trykte på knappen, og dermed var det gjennomslaget ut på brua eit faktum. Både ordføraren og prosjektleiar Øyvind Søvik takka AF Gruppen for godt utført arbeid og uttrykte gleda over at arbeidet har komen så langt.