Tunnelgjennomslag i Vallavik
Thursday, 12 November, 2009Torsdag den 12. november fyrte ordførar i Ulvik Mona Hellesnes av siste salven i tilførselstunnelen frå Vallaviktunnelen og ut til brua.
For å vera med på markeringa hadde entreprenøren AF Gruppen invitert ein delegasjon av sine tilsette, underentreprenørar, Statens vegvesen/prosjektleiinga, politikarar og media. Først ut var Bente Johnsen Aase økonomiansvarleg for bruprosjektet, som gjorde greie for tunnelarbeidet. Og den som fekk æra av å fyra av salven på 1500 kg dynamitt som opna for gjennomslag frå Vallaviktunnelen ut på brua var ordførar Mona Hellesnes. Etter først i sin tale rosa alle innvolverte for godt utført arbeid, trykte ho på knappen som utløyste salven som fekk det til å drønna og rista skikkeleg i fjellet. Når “laden” hadde lagt seg kunne delegasjonen gå inn til rundkøyringa der tunnelarmen ut til brua tek til, og kunne ved sjølvsyn konstantera ei vellukka sprenging. Der vart det som det seg hør og bør “konjakk på røysa” ved anleggsleiar og skytebasar. Prosjektleiaren Øivind Søvik heldt tale og takka entreprenørane for vel utført arbeid, og konstanterte at nok ein milepel var nådd i arbeidet med brua.