Hardangerbrua går for elektronisk innkreving
Saturday, 20 June, 2009Saman med prosjektleiing og vegdirektoratet har brustyret beslutta å gå for berre elektronisk innkreving på brua.
Beslutninga om å gå for elektronisk innkreving er gjordt på grunnlag av ei utrekning frå Statens vegvesen som viser at sjølv med risiko for at vi vil få nokre såkalte “snikingar”, vil det vera lønsamt med automatisk innkreving kontra manuell. I tillegg til å spara pengar på framtidig drift, vil vi også spara betydelege anleggsmidlar ved å berre bygga to felt på Bu-sida istadefor fire.
Utviklinga på dette området går raskt, og det er grunn til å tru at i 2013 når brua skal opnast og innkrevinga tek til, vil lagt fleire billistar både norske og utenlandske vera utstyrt for automatisk innkreving.