Anbodsopning: Bygging av brua med tilførselstunnelar.

Friday, 7 November, 2008

Den 5.november var det opning av anbod for bygging av bru og tilførselstunnelar på regionvegkontoret i Leikanger. Konklusjonen etter at alle 27 anboda var opna, var at summen av dei lågaste anboda på dei forskjellige arbeida som var utlyst var ca. 1.4 mrd. Saman med andre kostnader som byggherrekostnader, innkrevingsutstyr, mva. etc. ser det ut til at totalprisen vert ca. 2,0 mrd. Dette ligg godt innafor dei råmene som ligg til grunn og at vi dermed ikkje treng ein ekstrarunde i Stortinget.
For detaljer, sjå pressemelding på Statens vegvesen si heimeside.