”Hardangerbrua i bompengetrøbbel”

Saturday, 27 January, 2007

Står det å lesa i BT. den 26.ds. Berre overskrifta kan få lesarane til å tru at det spøkjer for realisering av dette viktige samferdselsprosjektet. Og det er truleg også motivet til den som har sendt klage til ESA. Heldigvis ser Samferdselsdepartementet på klagen som ei ikkje-sak. Vi i brustyret må berre avventa utfallet og innretta oss deretter.

Les resten av denne artikkelen »

Anbodsopning på første delentreprise

Thursday, 18 January, 2007

Den 17.januar var det anbodsopning for første delentreprise som omhandlar bygging av vegar fram til kabelfeste og tunnelpåhogg Vallaviksida, samt opparbeiding av riggplass.

Les resten av denne artikkelen »

Teikningane for brua er klare.

Thursday, 11 January, 2007

Brua sett frå VallavikStatens vegvesen la idag fram teikningane for brua. Det er Forum Arkitekter i Bergen som har teikna brua. Det same firmaet som også teikna bruene i Trekantsambandet. Utfordringane har vore å få brua til å gli inn i landskapet så godt som mogeleg, samstundes som den skal ha sin eigen signatur seier arkitekt Pål Jørgensen. Ved å ta omsyn til den brå overgangen mellom tunnel og bru mellom anna med opne og tilpassa tunnelportalar, meiner eg vi har lukkast godt med det.

Sjå arkitekt bilete

Les Statens vegvesen si pressemelding

Oppstart av anleggsarbeidet 1.mars 2007

Friday, 5 January, 2007

Statens vegvesen har lyst ut på anbod bygging av anleggsveg på Vallavik-sida saman med opparbeiding av riggplass. Frist for å gi inn anbod er sett til 17.januar og forventa oppstart 1.mars. Dermed er bygging av Norges største hengebru i gang.

Les resten av denne artikkelen »