Vil ikkje vere museumsvaktarar

Saturday, 12 February, 2005

Harald Opedal og kameratane hans kjem til å sakne bylivet når dei flyttar tilbake til Lofthus. Difor startar de sin eigen pub.

-Det er mange av oss som er unge frå Hardanger som har studert og jobba i Bergen, Oslo eller i utlandet, som ønskjer å venda heim att. Men vi vil ikkje gå inn i ei framtid i Hardanger som forvaltarar av nasjonalpark og røktarar av eit kulturlandskap. Vi ser oss ikkje som museumsvaktarar. Det er ikkje mange unge som vil nytta livet sitt til å halde liv i fortida. Vi er ikkje redd for avstanden; vi treng ein utvida arbeidsmarknad. Men ferjekaier, kø, rutetabellar og gamle ferjer er ikkje alternativ til tanken om den fridom ei bru gir oss. Gi oss ein god grunn til å flytte heim for å skape ei framtid. Gi oss høve til å betale for Hardangerbrua!

Les resten av denne artikkelen »