Miljøverndepartementet godkjenn planmelding
Tuesday, 15 April, 2003Miljøverndepartementet har slutta seg til framlegget frå Statens vegvesen om kva som skal utgreiast i konsekvensutgreiinga for Hardangerbrua. Dette inneber at miljøstyresmaktene har gjeve grønt ljos for det vidare arbeidet med utreiing av Hardangerbrua. Planane for brua skal vera klare til handsaminga av den neste nasjonale transportplanen i Stortinget i 2005.